Leikong

Gå til innhold

Hovedmeny

Julekonsert 2015

Arkiv
 
 
 

På pianokrakken: Kjetil Eiksund som har vore dir. i Leikong blandakor i 25 samanhengande år.
Fremst frå venstre: Jeanette Tandberg, Lena Muren, Brit Hanna Rønnestad,Sølvi Voldnes, Aina Baade Hasund, Grete Hauge Saure (solist i Under ein engleveng, og evangelist i Julemotett), Ann Kristin Jøsok, Anne Taklo, Annette Tandberg og Anne Marit Rise andre rada frå v.: Oddvin Sjåstad, Leon Kvalsund, Haldor Vattøy, May Britt Sætre Leikanger, Wenche Lännerholm, Idunn Dyrhaug, Jan Tore Leikanger og Finn H. Johnsen. Bak: Per Ola Kleppe, Helge Sporstøl og Bjarne Voldnes.

 
 
 
 

Kyrkjekonsert med Leikong Blandakor

Tradisjonen tru baud Leikong blandakor inn til kyrkjekonsert, og som tidlegare, under vignetten: «Frå gospel til stille grender».
Vêret var rett ufyseleg laurdagskvelden, med kraftig vind og sludd, retteleg ein kveld der heimelivet lokka.
Men det viser seg at denne konserten er noko ekstra, for år etter år er Leikanger kyrkje fullsett.
Eit varm og enkelt lyssett kyrkjerom er ein ideell stad å vere ein slik kveld.

Og songvalet på desse konsertane har alltid den komande julehøgtida som fellesnemnar, men koret tek ikkje jula på forskot, dei peikar fram mot jula i tonar og ord..

Kjetil Eiksund, som har vore dirigent i Leikong blandakor i 25 år, er også dugande akkompagnatør, og frå pianokrakken held han koret i si hole hand, og det var tydeleg at dette stoffet kunne dei særs godt. Opningsnummeret, Ivar Kleive sin Kyrie, var ein song som retteleg sette publikum i mottaksmodus.

Leikong blandakor har i tillegg til stabile medlemmer, ei stor stamme med solistar, og dei skal ha ros for at dei dreg inn unge krefter. Det er på den måten ein kan sikre framtida for korsongen. Lista over repertoaret for kyrkjekonserten 2015 fortel at dei framførde mange songar der dei nytta unge krefter i solopartia.

Dei aller yngste som hadde soloroller i år var Berntine Skeide Dyrhaug og Brage Hasund.
I «Nå tennes tusen julelys»,delte dei på solorolla.
«Gje meg handa di ven»… vart framført av Talina Sætre Leikanger til eige gitarakkompagnement.

Midtveges i programmet hadde Arnljot Grimstad eit kort verbalt innslag, noko som også er fast tradisjon i «Frå gospel til stille grender».
Han fortalde om N.F.S.Grundtvig songen «De Hellige tre konger», skriven i 1810. Opprinneleg hadde songen 19 vers, der den bibelske forteljinga heilt og fullt er på plass. Han siterte nokre vers av den danske originalversjonen av songen. Grundtvig korta han seinare ned til sju vers og kalla han Deilig er den himmel blå. Vi brukar Anders Hovden si nynorske tekst og syng: Fager er den himmel blå.

Konserten slutta slik han alltid gjer med den kjende og mektige «O helga natt»… og med Per Ola Kleppe som solist Øystein Djupvik hadde kontroll med lyden, og det fungerte godt.
Fin konsert i varm og fullsett kyrkje

Dette er det solide programmet:
Kyrie.
Nå tenners tusen julelys (Solistar: Brage Hasund og Berntine Skeide Dyrhaug.)
Wayfarin stranger.
Ain’t judgin’ no man.
Gje meg handa di ven. (Talina Sætre Leikanger)
He ain’t heay, he’s my brother.
Joyful, joyful. (Solist: Anette Tandberg)
Thankful.
The Ground.
Nordnorsk julesalme. (Solist: Maren Elise Haanes Waagan)
Himlen i min famn. (Solist: Anette Tandberg)
Under ein engleveng. (Solist: Grete Hauge Sætre)
Julesong.
Jesus what a wonderful child. (Solist: Maren Elise Haanes Waagan)
Jul, jul, strålande jul.

Go tell it on the mountain. (Solist: Aina Baade Hasund)
Det lyser i stille grender. (Solist: Talina Sætre Leikanger)
Deilig er jorden.
Julemotett. (Solist: Grete Hauge Sætre.)
O helga natt. (Solist: Per Ola Kleppe.)



kilde : Vestlandsnytt

 
 

Arnljot Grimstad hadde tradisjonen tru eit verbalt innslag.

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

Brage Hasund og Berntine Skeide Dyrhaug

 
 
 
 
 

Der var mange solistar i aksjon på Leikong. F.v. Maren Elise Haanes Waagan, Anette Tandberg, Per Ola Kleppe og Talina Sætre Leikanger

 
Tilbake til innholdet | Tilbake til hovedmenyen