Leikong

Gå til innhold

Hovedmeny

Går for full oppgradering

Nyhende
 

Går for full oppgradering

Tysdag vart Herøy formann-skap tilrådd å nedskalere Leikanger skule og grenda-hus-prosjektet, fordi pris-lappen vart på 3 millionar kroner meir enn forventa. Men det vil ikkje politika-rane ha noko av.

Josefine Spiro josefine@vestlandsnytt.no

Tak, fasade, vindauge og ven-tilasjonsanlegg. Alt må bli bytt ut om Leikanger skule og gren-dahus skal halde stand. Til-bygg skal dei og ha. Men det viser seg at arbeidet har ein prislapp på 16.290.000 kroner. Det er 3.000.000 kroner meir enn det kostnadskalkylen var før finrekninga og anbodskon-kurransen var gjennomførte. Kommuneøkonomien er stram

– så kva gjer ein då? –Vi har lagt vekt på å kome med ei tilråding som ikkje fø-rer til meir låneopptak enn nødvendig, sa eigedomsleiar Robert Myklebust til formann-skapet tysdag.

Tilrådinga frå rådmannen gjekk ut på å delvis omdispone-re midlar frå andre prosjekt, og delvis nedskalere planane for skulebygget, slik at ein ikkje treng å låne ei einaste krone. – I prosjektet ligg det inne: tilbygg til skule og grendehus pluss rehabilitering av eksis-terande skulebygg utvendig. Vi foreslår at vi ikkje skifter aggresjonsapparatet, vi skifter ikkje resterende del av ytter-tak, ikkje vindauge og heller ikkje fasadekledinga, men vi etablerer rømingsvegar, sa My-klebust, og heldt fram: – Så har vi trekt ut «glastak» i overbygget i hovudinngangs-partiet, slik at der er ein meir «folkelig» konstruksjon.

Ein slik nedskalering ville utgjere ein prisforskjell på 1 372 000 kroner. Dei resterande 1 628 000 kronene tenkte ein å omdisponere frå andre stader. – Vi har cirka 1,2 millionar kroner igjen på enøk-tiltak, som ikkje vert brukt i år. Desse kan bli overførte til Leikanger skule-prosjektet. I tillegg var det i 2015 løyvd kr. 500 000 til å flytte Frivilligsentralen frå Fosnavåg til Herøy kulturhus. Vi meiner flyttinga kan bli gjort innanfor dei midlane som er løyvd til mindre ombygging av kulturhuset, sa eigedoms-leiaren.

Ville lånefinansiere 3 mill.

Plan- og byggenemnda kom

imidlertid fram til ei anna til-råding på sitt møte 7. mars, nemleg å gjennomføre heile prosjektet, med eit låneopptak på tre millionar. –Men dei var også opptekne av at viss det ikkje lét seg gjere, så ville dei gå for tilrådinga til rådmannen, sa Myklebust.

Foreslår anna løysing

Kjell Runde /FOLK/SP) var den første som tok ordet til saka. –Om vi skal gjere dette skik-keleg, skal vi ha minst mogleg nedskalering. Det eineste eg kan gå med på er å byte ut glas-taket med «eit skikkeleg tak», eller kva det er du kallar det. Eg ønskjer at Leikanger får ei skikkeleg oppgradering, slik ein har lagt opp til, til glede for borna og bygda. Eg meiner vi delvis skal bruker rådmannens tilråding, men i staden for å en-dre prosjektet, så gjer vi eit lå-neopptak på 1 372 000 kroner, sa han. Camilla Storøy (Krf) var i ut-gangspunktet skeptisk då ho såg kostnadskalkylen, men… – Eg ser at dette er noko vi må gjere. Men det var vanskeleg i

førre runde, og no vert det enda dyrare – det er framleis van-skeleg. Eg er veldig lite happy med å droppe vedlikehald, og det har vi sete rundt dette bordet og snakka om mange gongar. Alle hadde det på pro-gramma sine i valet: «Vi må ha meir vedlikehald, vi må ta oss av dei bygga vi har». So kjem forslaget – krympe… krympe skulebygget. Ja, då krympar eg meg, sa ho.

Solveig Båtsvik (Frp) peika på punktet «Konsekvenser for drift» i saksutgreiinga, der det står at «Nedskalering av pro-sjektet vil påføre eigedoms-avdelinga driftskostnadar til løpande drift og vedlikehald i bygget. Ytterlegare låneopptak vil belaste driftsbudsjettet til-svarande. Samstundes vil fasa-derehabilitering og utskifting av ventilasjonsaggregat redu-sere driftsutgiftene for bygget. Gjennomføring av desse tiltaka på eit seinare tidspunkt vil også verte dyrare grunna auka kostnadar til rigg og drift samt generell prisauke».

Bekymra for økonomien

Kjell Runde poengterte nok ein gong si meining. Etterpå tok Ann Kathrin (Tine) Storøy ordet og nemnde samstundes Runde sin partifelle, Bjarne Kvalsvik.

– Det kan vere interessant å høyre kva han seier til denne saka. Han er no så bekymra for dette med økonomi, og han åtvara oss nesten med peike-finger på kva som kunne kome. Dette er uansett ei god sak som vi har jobba lenge med, og det er fint å høyre at skulen kan bli ferdig i august/september, sa ho.

Men Tine Storøy er likevel skeptisk til å gjere låneopp-tak…

– Vi veit at økonomien er

stram, og vi fekk ei ramme på eit låneopptak før jul, så eg li-kar det rådmannen tilrår, som er innanfor det vi kan ta på oss. Vi er nøydde til å ta det øko-nomiske bildet innover oss. Eg trur det kan bli ein bra skule på Leikong likevel.

Lønsamt på sikt?

Olaug Andreassen (Ap) meinte på si side at ei full opprusting av Leikanger skule og grenda-hus faktisk kan vere med på å betre økonomien. – Ein kjem borti mange utfor-dringar når ein skal byggje på gamalt. Skal ein ta denne pro-sessen no, og så byrje å skjære hol i tak og veggjer i etterkant? Det synest eg høyrest heilt «hol i haudet» ut. Og ein kan faktisk byggje om for å spare pengar. Kva er mest lønsamt for Herøy kommune? Er det faktisk å skifte ut tak og vindauge, og å få ein skikkeleg og fin fasade som forhåpentlegvis står i no-kre år? Eit nytt aggregat bru-ker også mindre straum. Ned-skalering av prosjekt er eg like lite glad i som ho som sit ved sidan av meg (Camilla Storøy), sa Andreassen. Ordførar Arnulf Goksøyr sa at:

– Det er blitt sagt at vi skal investere smart heile vegen. Det å få ned driftsutgiftene kan vere smart. Og viss ein skal ta igjen dette seinare, kan det hende prosjektet blir for lite til å bli kvalifisert som ei anleggs-investering. Då vert det kan-skje ei driftsutgift i staden, og det er ikkje smart. Tvert imot avgrensar det moglegheitene. Eg kjem heilt klart til å gå for fullskala utbygging.

Det heile enda med at også Tine Storøy snudde, og at råd-mannen si tilråding fall mot 9 røyster. Formannskapet valde i staden å gå for Kjell Runde sitt framlegg om at ein lånefi-nansierer 1 372 000 kroner, og i tillegg omdisponerer 1 628 000 kroner frå andre midlar. Rådmannen sitt første punkt om at kommunestyret tek val av tilbydar for hovudentreprise for prosjektet til vitande, vert ståande.

Det er Prosjektbygg, som har vunne anbodskonkurransen, og som skal stå for utbygginga. Aurvoll og Furesund står for grunnarbeidet, medan Ose In-geniørkontor står for prosjekte-ringa.

Kilde : Josefine Spiro josefine@vestlandsnytt.no

Tilbake til innholdet | Tilbake til hovedmenyen