Leikong

Gå til innhold

Hovedmeny

Bubilplass og olsokfeiring på Leikong

Nyhende

Bubilplass og olsok feiring på Leikong

På ei idyllisk slette ved sjøkanten på vakre Leikong, har nokre eldsjeler lagt til rett for at bubilar kan parkere, for om mogeleg å skaffe fleire inntekter til kyrkjelydshuset.
Det er Solveig og Roger Båtsvik som har stått i spissen for å lage til dei praktiske detaljane med m.a. ei fin informasjonstavle til brukarane.

29 juli feirar ein Olsok, til minne om då kong Olav Haraldsson fall på Stiklestad i 1030. Olav vart seinare helgen i den katolske kyrkja. Slaget på Stiklestad og underlege hendingar som skjedde samstundes og i ettertid, fekk stor innverknad på kristninga av Noreg.

På Leikong er det eit kyrkjelydshus som nokre tiltaksame patriotar har nytta mange timar - og penger - på å lage til med kjøken, møterom, grupperom, handikaptoalett m.m. Det har vorte eit fint og praktisk lokale for t.d. minnestunder og feiringar av åremålsdagar og konfirmasjonar. Det kostar å drive eit slikt lokale. For å skaffe pengar i kassa, var det nokre eldsjeler frå styret i kyrkjelydhuset som tok initiativet til å servere graut, spekemat, kaker m.m. i dette møtelokalet olsok.. Der var også sal av lodd/tombola på fine gevinstar, og arrangørane hadde også ordna med taffelmusikk. Folk i alle aldrar sette pris på tiltaket og kosa seg med mat og prat. På parkeringsplassane, som er rett utanfor lokalet, vart det tett med bilar. Samlinga fredag vart avslutta med brenning av bål i sjøkanten.

Eg har lese om kyrkjelydshuset i lokalavisa, og bestemte meg for å delta i Olsokfeiringa på Leikong. Arrangementet gir meg eit høve til å rose og takke dei som har laga til eit så fint møtelokale, og spesielt dei som stod bak arrangementet, midt i ferietida ! Kanskje kan dei gjere dette til ein årleg tradisjon, slik at også herøyværingar kan ha ein stad å feire Olsok? (Sande har i mange år markert Olsok i kyrkja på Larsnes.) Så er det å vone at folk frå Leikong og bygdene kring, vil nytte seg av møtelokalet i kyrkjelydshuset, slik drifta kan halde fram, til beste for storsafunnet.
Marit Pauline Kvalsvik

kilde: Vestlandsnytt


foto: Sølvi Nykrem

Tilbake til innholdet | Tilbake til hovedmenyen