Leikong

Gå til innhold

Hovedmeny

Frå simpel sikringskost - til edel festmat

Nyhende

Frå simpel sikringskost – til edel festmat! Bli med på Boknasildfest på Leikong!!

Et du sild, blir du gild! Slik starta ei skuleregle om gode matvaner på byrjinga av 1900-talet. Silda har vore livberging for kystfolket mang ein gong, både før og etter denne tid. Sild er framleis ei særs næringsrik råvare som vi kanskje nyttar oss for lite av i dagligkosten.

Silda kjem i store hordar, når ho fyrst kjem inn til kysten. Brått var brotfisket i gong, og fangsten måtte takast vare på. Ein kunne ulyste seg med fersk sild, kokt eller steikt. Eller kva med sildekaker og karbonader! Før vi kjende til kjøl og frys teknikken, vart sild konservert ved salting, tørking eller røyking. Då vart silda haldbar i lang tid, og ein kunne berge seg lenge.

Boknasild er boknasild tenker du kanskje! Halvtørka sild på ei trode ved ein naustvegg! Men Simpel sikringskost har vorte til reinaste festmaten å regne. Trulig vert det færre og færre som tek seg tid til å lage til Boknasild, og med det vil kunnskapen også forsvinne. Og det tek tid å lage Boknasild!

Boknasilda som skal setjast på bordet her på Leikong førstkomande fredag, er stor fin og fersk sild henta på kaikanten hos Fosnavåg Pelagic for godt og vel 3 veker sidan. Vi fekk god hjelp av vg2 Kokk og servitørklassa ved Herøy vidaregåande skule til å flekke silda. Vi skal servere luksusutgåva av Boknasild, så ryggbeinet er fjerna. Tradisjonelt skal ryggbeinet sitte att i eine fileten av silda. Viktig er det å fjerne all blodrand i silda, for det er her det først vil begynne å surne om ein er uheldig med tørken.

Kokkelevane på HVS gjorde ein særs fin jobb med flekking og anna prikkevering! Nokre meiner at no skal silda ligge i kaldt vatn, gjerne natta over slik at mest mulig blod får trekke ut av silda. Andre synes at den treng ikkje ann enn ein skyll i anten ferskt vatn eller i salt vatn før henging. Nokre har ein teori om at salt skyllevatn gir ei seig boknasild. Vår sild er i alle fall skylt i salt vatn før den blei tredd på troder å hengt opp.

Otto Khile er lett på labben, og han sprang eins ærend til skogs for å hogge fine og passande strongar av rogn til å henge silda på. Tørken har gått føre seg under streng kontroll på betane i Lemeløda på Leikong. Vi var særs heldige med både temperetur og synnavind denne gongen. To gongar har vi henta inn traust boknasiltekspertise for grundig kvalitetskontroll. Det mangla ein dag på tre veker, då silda vart plukka ned! Boknasilda på Leikong er av prima kvalitet! Det kan vi garantere!!!

Fredag førstkomande, inviterer vi til stor Boknasild-buffet! Otto`s mjølkesuppe med rosiner vert tradisjonellt fylje. Og kanskje vert det også heimebaka flatbrød! Vi skal la drøsen med venner og naboer gå, vi får høyre nydelig musikk og song av ei ung og lovande gullstrupe frå Leikong. Med kaffi i koppen og tradisjonsrik «godekake» skal vi og få høyre eit humoristisk kåseri om vist og gale frå sildefelta på 50 talet, og kanskje litt til.

Vi i styret i Leikanger Kyrkjelydhus kan love at du får særs sanselig kveld med god og kulturell kveldsmat for både mage og hjerte. Vi får plass til 70 gjester rundt bordet, så ikkje vent med å kjøpe deg billett ( sjå annonse).

Vel komne til Boknasildfest!!


Tilbake til innholdet | Tilbake til hovedmenyen