Leikong

Gå til innhold

Hovedmeny

Gobitar frå besta si kokebok

Arkiv

Fløyterand er like godt som panna cotta

Dei har fiska, slakta, salta, tørka, rørt blod og vrengt tarmar. Alt for å lage boka “Go`bitar frå besta si kokebok”. Olaug Myrhol Hatløy og Ingebjørg Lyster har laga eit ankerfeste for røtene våre. Det blir lansering under Makrellfestivalen i Fosnavåg iseptember.
Olaug Myrhol Hatløy er busett i Haddal, Ingebjørg Lyster på Leikong. Begge underviser i matfag ved Herøy vidaregåande skule, Ingebjørg i matfag og Olaug i helse- og sosialfag, og dei har vore venninner og kollegaer i 20 år. Begge er oppvaksne på gard. Ingebjørg på Leikong, Olaug i Bondalen i Ørsta.

Ti år sidan starten
Ideen om ei kokebok kom for ti år sidan, heime ved kjøkenbordet til Olaug, då dei samarbeidde om ei prosjektoppgåve. Dei hadde valt “tradisjonsmat” som tema, og vart fortvila over at det var mange oppskrifter som ikkje fekk plass i prosjektoppgåva.

– Vi må lage kokebok, sa Olaug, som straks fekk svar frå Ingebjørg:
– Er du klar over kor mykje arbeid det vil bli?
Men tanken var sådd. Dei to kvinnene sat alt på ein del handskrivne kokebøker, men gjekk ut i lokalpressa og etterlyste folk som kunne gje dei fleire matoppskrifter frå Sunnmøre. Dei fleste oppskriftene i boka er frå Ytre Søre, men sidan Olaug er frå Bondalen, er der også nokre oppskrifter frå Ørsta.

Foto av Aksel Knutsen
Olaug er busett i byggjefeltet Solsida på Haddal. Litt lenger oppe i feltet budde Aksel Knutsen, journalist i Vikebladet Vestposten og ein habil fotograf. Han vart spurd om å ta bilete til boka.
– Vi oppdaga fort at Aksel hadde den same genuine interessa som oss for mat og tradisjonar, og at han hadde blikket for fotografering. Kjemien mellom oss stemte, seier dei to kvinnene.
Etter nokre år vart Aksel Knutsen alvorleg sjuk, og han døydde i februar 2011. Av dei ca. 150 bileta i boka har Knutsen fotografert vel 100.
– Vi diskuterte både foto, mat og layout med Aksel, og vi trur han hadde blitt stolt av resultatet, seier dei to kvinnene.

Ei sanseleg minnebok
Boka er i A4-format, er på 208 sider, og har 200 oppskrifter. Olaug og Ingebjørg har testa alle oppskriftene.
– Målet vårt har vore å lage ei sanseleg minnebok om mat. Boka skal vere meir enn ei oppskriftsbok. Vi vil at det skal vere ei minnebok som skal lokke fram nostalgien, og inspirere nye generasjonar til å bruke råvarer frå vår region. Viss ingen formidlar vidare desse oppskriftene, går dei i gløymeboka, kommenterer Ingebjørg Lyster.
Ho fortel at fleire av informantane deira no er borte.

Lettfatteleg
Dei to kokebokforfattarane har lagt vekt på at oppskriftene skal vere lettfattelege.
Boka har også nokre praktiske avsnitt om matlagingsmetodar. Til dømes korleis vi skal lage kvit saus, frikasesaus eller fiskefarse.
Blant innhaldet er også eigne kapittel om konserveringsmetodar, bakst og råvarer frå hage, lyng og åker.

– Vi har også ei oppmoding om at folk skal gå saman om å lage mat. Det er både kjekt og sosialt å bake flatbrød eller lage mòr i lag, tipsar dei.
Fløyterand er like godt   som panna cotta
Begge meiner norsk tradisjonsmat er så god at han ikkje er noko å skamme seg over samanlikna med mattradisjonar i til dømes Italia og Frankrike.
Ei god gammaldags fløyterand er like godt som panna cotta. Og norske klippfiskrettar er like bra som bacalao, meiner dei.
I dag går lavkarbokurar som ein farsott over Sunnmøre. Dei to kosthaldsekspertane har lite tru på slike kurar i lengda.
– Også når det gjeld mat gjeld regelen om at for mykje, eller for lite av noko, er skadeleg. Det gjeld å finne ein god balanse. Men mat er så mykje meir enn det å ete seg mett. Matlaging gir gode lukter og gode minne. Brød i steikeomnen gir herleg lukt i huset, koking av surkål kan gi assosiasjonar til besta sine søndagsmiddagar. Mat er rett og slett sanseleg, seier Olaug Myrhol Hatløy.

Vekt på kvinnene
I “Go`bitar frå besta si kokebok” har forfattarane lagt vekt på kvinnene. Dei skildrar korleis kvinnene på Sunnmøre har hatt det dei siste 100 åra. Ho besta og dei andre formødrene våre er komne fram i lyset.

Lansering under Makrellfestivalen i Fosnavåg
Boka er no til trykking hos Hatlehols Trykkeri i Brattvåg, og dei fortel om eit godt samarbeid med trykkeriet. Opplaget er på 4500 eksemplar, og boka skal vere klar til Makrellfestivalen i Fosnavåg 8. september.
Ei så påkosta bok kostar mykje pengar, og Ingebjørg Lyster fortel at ho er klar til å kappe hovudet av sparegrisen.
– Men vi gjer ikkje dette for å tene pengar. Vi gjer det fordi vi meiner det er viktig kulturarbeid å bringe vidare desse matoppskriftene frå Sunnmøre, legg ho til.

Sanseleg Forlag
Dei gir ut boka på eige forlag, og det er retteleg svung over namnet: Sanseleg Forlag.
– Vi er kontrollfrikar, og ville ikkje ta sjansen på at etablerte forlag skulle begynne å klusse med opplegget vårt, smiler Olaug Myrhol Hatløy.

Torsdag kveld skreiv dei kontrakt med Coop Vest. Det inneber at boka blir å få kjøpt i Coop sine butikkar på Søre Sunnmøre, i tillegg til bokhandlarane.
Dei to driftige kvinnene har også laga ei eiga heimeside; gobitar.no


kilde: herøynytt Anne Gry Eilertsen

http://www.heroynytt.no/nyhet.cfm?nyhetid=5027

 
Tilbake til innholdet | Tilbake til hovedmenyen